Godt teamarbeidsklima i sjukehusa

Medarbeidarane i norske sjukehus og institusjonar trives på jobb og opplev pasienttryggleiken som god. Det viser resultata av den nasjonale medarbeidarundersøkinga ForBedring.

ForBedringsundersøkinga har gitt medarbeidarane i norske sjukehus og institusjonar muligheit til å utrykke i kva grad dei meiner arbeidsfellesskapet prioriterer trygg pasientbehandling og eit godt og trykt arbeidsmiljø. Undersøkinga blei gjennomført i våren 2018 og nær 80 prosent av medarbeidarane har svara på undersøkinga.

- Resultata viser at det er fantastisk engasjement og eit godt teamarbeidsklima blant medarbeidarane i alle verksemdene som har delteke i undersøkinga. Det er liten variasjon i svara mellom helseregionane. Der kor resultata viser utfordringar, er det forventa at leiar diskuterer resultata med sine medarbeidar og lager handlingsplanar med konkrete forbetringstiltak, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Undersøkinga kartlegg ulike sider ved arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS (helse, miljø og sikkerheit), som kan ha samanheng med risiko for uønskte hendingar, eller virke negativt på tenesta sin kvalitet og medarbeidarane sin helse og engasjement.

Totalt har 44 verksemder delteke i den nasjonale undersøkinga. Dette inkluderer private ideelle verksemder med driftsavtale i tillegg til alle verksemder i dei regionale føretaksgruppene Helse Vest, Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst. I alt er meir enn 125 000 medarbeidarar inviterte til å svare på undersøkinga.

Det er Helse Vest som har samanstilt den nasjonale rapporten.

Oppfølging av resultat

Formålet med ForBedring er å understøtte eit kontinuerleg forbetringsarbeid av arbeidsmiljøet og pasienttryggleikskulturen i norske sjukehus. Forbetringsarbeidet skal bidra til høg pasienttrykkleik og god HMS kultur i sjukehusa.  Sjukehusa skal være ein god  arbeidsplass for medarbeidarar og leiarar.  Oppfølging av resultata frå undersøkinga er derfor viktig. Resultata frå undersøkinga skal danne grunnlag for drøfting i medarbeidargruppa om kva tiltak som kan bidra i utviklinga i deira eining.

- Det er ein forventning i alle regionar at leiarar i samarbeid med sine medarbeidarar lager handlingsplanar med konkrete forbetringstiltak, også der kor resultata er gode, for å bidra til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og ein høg pasienttryggleik, seier Christiansen.

Det blir no arbeidd med forbetringsarbeidet knytt til ForBedringundersøkinga i alle helseregionane. Det er gjennomført opplæring av leiarar, rapportar med resultat er utleverte/digitalt tilgjengelege, vernetenesta og tillitsvalde har og tilgang til resultata.  Dei einingane som har behov for ekstra oppfølging får det.

Nasjonalt arbeid

ForBedringsundersøkinga er ei nasjonal undersøking, noko som betyr at medarbeidarar i sjukehusa i heile landet har svara på dei same spørsmåla. Undersøkinga er laga for å avdekkje utfordringar, føre til lokalt forbetringsarbeid og bidra til at sjukehusa utviklar seg i riktig retning, til beste for både pasientar og medarbeidarar. Resultata frå undersøkinga skal òg nyttast av toppleiarane i helseføretaka både lokalt, regionalt og nasjonalt.

- Ei felles kartlegging i alle norske sjukehus gir eit bredt kunnskapsgrunnlag og informasjon om verksemdene og legg til rette for å utvikle strategiske tiltak. Resultata frå undersøkinga skal følgjast over tid og gir eit unikt kunnskapsgrunnlag som vil vere til stor nytte for leiinga når det gjeld val av strategi for å forbetre arbeidsmiljøet og pasienttryggleiken i verksemdene, seier Christiansen.

Nasjonal resultatrapport fra ForBedring 2018